Kristin Berget (N)

Nora Simonhjell om Kristin Berget

Kristin Berget (f. 1975) debuterte med loosing louise i 2007. I vår kom Der ganze weg. Begge bøkene hennar er bygde opp rundt ei reise og ulike former for seksuelle og erotiske møte. Typografisk ser det ut som om første boka var skriven på ei før-elektronisk skrivemaskin. Mellom dikta er teikna linjalbeine strekar. den andre boka er meir tradisjonell i forma, men tøffare i tematikken. Berget skriv om kropp og identitet frå fleire vinklar på same tid: kven er eg, kvar er eg, og dessutan: kven og kva tenner meg?

Den nye boka er ei form for dagbok over dryge 30 dagar. Dei første dikta står utan for samanhengen. eget rissar opp rammene for den verda og forma for eksistens ein blir presentert for her. prologen fungerer som eit fundament. vaklar det, vaklar alt, men vaklinga verkar intendert. Der Ganze Weg kviler såleis på ei ustabil tuft, og ein blir ført så langt vekk frå Aasens nasjonalromantiske «der han sjølv heve tufterna gravet» som det er mogleg å kome. Nordmannen prøvar å klore seg fast «millom bakkar og berg», medan eget hos Berget prøvar å finne forankringspunkt i det globalspinnande universet.

Det første diktet fungerer som ei skapingshistorie der menneske blir skilt frå dyr, gud redusert til eit ord, og verda bestemt som trugande.

lange rekker av mennesker og dyr
dyr og mennesker
gud er et ord
i en himmel som blir stadig
mørkere

Eller blir eigentleg menneska og dyra skilde? Kanskje er det samanstillinga av rekkjene av menneske og dyr, og det dyriske i menneska sjølve det handlar om? Når himmelen blir mørk, byggjer det seg opp til uvær. eller er det vreiden frå gud? Treng menneska frykte han dersom han berre er eit ord? kva fører dei så ut på vandring?

Eget trer fram i andre diktet, og presenterer seg ved å oppheve grensene for kjønnet sitt: jjeg vandrer ut av kjønnet mitt / inn i landsbyen.» Hin legg verda under seg: «demonterer byene / Paris Warszawa Berlin.» Dette gjer at heller ikkje kategoriane historie, mytologi, dag og natt, mann og kvinne, tid og rom kan kjenne seg trygge. Reisa går rastlaust mellom dei store europeiske hovudstadane og inn i skogane. Nokre gongar åleine, nokre gongar saman med andre, og nokre gongar er det uklart kvar og kven det er som reiser.

Det lyriske subjektet er allmektig. På same måten som Adam gjorde, skapar eget seg sin eigen partner: «jeg skapte deg ut av et ribbein.» Kva kjønn partnaren har, er ein uvesentleg detalj, for den andre har «midtskill og krøller og / kirsebærvin i munnen». Kva kjønn eget har er også uvesentleg: «Ingen kan / mitt kjønn.» Men det presenterer seg likevel som tom: «My name is tom 22 år 76 år.» Å seie at namnevalet er ironisk, og at det inkorporerer alt det moglege, er unødvendig.

«Dag 1»: «gud skapte oss til mann og kvinne / så lettlurte vi er.» Berget opphevar kjønn som ein dualistisk storleik. det finst ei sterk kjærleikshistorie ein stad. å spørje om det er snakk om eitt eller fleire «du», og om dette/desse har forskjellig eller same kjønn som hin, er tantete. Ønsket om nye samanhengar, nye former og nytt blikk, blir driven fram av «begjæret bak blikket» – ukontrollert, utemd og forsøksvist sterkt.

I andre mosebok lovar Gud å føre folket sitt fram til eit land som skal fløyme av mjølk og honning. Sidan han berre er eit ord blant andre, prøvar eget seg på ein bytehandel med «den hellige katarina av alexandria». Dei byter andlet, men kan ho vegen til det sutlause? Legenden seier at jomfrumartyren vart dømd til døden ved radbrekking – at kroppen skal spennast fast på eit hjul og kroppsdelane knusast og brekkast frå kvarandre. katarina fekk torturinstrumentet til å bryte saman, og måte bøte livet på annan måte. Same livsviljen finst i desse dikta, men trusselen om radbrekking ligg alltid latent i språket: «dette er skriften på kroppen          ordene har ingen lyd.»

Katarina er helgen for dei reine og uskuldige unge kvinnene. Eget forkastar det reine, og korkje kan eller vil underordne seg ei fast tru: «jeg forkaster helligheten» og inviterer «rovdyrene inn». Korkje religionen, mytologien eller historia tilbyr rammer kring tilværet som hin kan akseptere. hin omskapar seg sjølv, kroppen og kjønnet sitt, stadene ho flyttar seg mellom og dei ho møter. Dei feministiske performativitetsteoriane slår i jamn puls: «Jeg forsøker å bli en teori.»

«Kroppen er et tempel,» står det. «Kroppen er en beholder,» les eg i tre ulike dikt, og mot sluten av samlinga: «kroppen er en grenseovergang,» og endeleg: «kroppen er også et hus / der rovdyrene samles.» Felles for desse metaforane er at kroppen blir tenkt både som ei ramme rundt identiteten, og noko som kan markere overgangar. Han er både heilag «tempel» og kvardagsleg «et hus», trygg og usikker på same tid. Åleine, og med open kropp møter hin verda. Møtet med andre gjer kroppsbehaldaren lekk, og han blir punktert med vilje: «i prenzlauer berg skar vi snitt i / kroppene.» I dei kroppsmerkande handlingane finst alternative fellesskap.

«kjønnet bestemmer kroppen / graden av vold.» valden er fysisk, strukturell, emosjonell, språkleg og ønska: «volden mellom oss        behovet / for å skade.» Å møte nokon er alltid ein risiko. Ein kan bli såra, og ein kan såre seg sjølv. Såra Berget pirkar i er både bokstavlege kutt på kroppen, og metaforiske konstruksjonar. Dei individuelle og globale historiene er også fulle av sår. Hin skjer i partneren sin. arret fungerer som eit bu merke og markerer at kroppen til den andre er hennar. men kan nokon eige nokon annan? Merke han? Arret er ei taus historie. skal noko bli kjent, må nokon fortelje. Å røre ved eit arr er å nærme seg den andre, og kan fungerer som ei forsegling av forholdet mellom skjerande og den skorne. Ønska den andre merket? Er valden intim og erotisk, pervertert, eller er han berre valdeleg, og dermed eit overgrep? Vér vaken om det vonde – det finst i deg òg.

«[J]eg ser noe blikket ikke husker […] kan ikke skille blikket fra kroppen.» Augo ser, kroppen sansar, minna minnes og lagrar usynlege spor i kroppen. historia er både i og rundt ein på same tid. Ho er andpustent tilstades i dikta. Det bles ein vind bak den historiske engelen. Han stirar med opne auge på det han er i ferd med å forlate. Hos Berget har ei summande vifte i taket same funksjonen. Blikket ser meir enn hin kan femne, for den personlege og kollektive historia er alltid vovne saman, og: «Jeg fyller kroppen med alt / munnen kommer over.»

Legg inn en kommentar