I staden for å redusere språket, for så å skrive seg tilbake til det allmennmenneskelege, tar Ellen Grimsmo Foros’ debutbok Går det an (2006) spranget ut i den føreliggjande, mangfaldige og kaotiske språkverda. Der brasar Foros’ dikt inn i stengsler og barrierar, og gjer eit opphald i ulike grensesoner og kryssingspunkt: eksistensielle, kjønnslege, geografiske, språklege, nasjonale. Dikta leiter etter utgangar og inngangar, overskrid metaforar og undergrev språklege kategoriar – i eit forsøk på å undersøkje språkformer og omgrepsmessige kategoriar djupt rotfesta i kulturen. Den poetiske metoden til Foros er tilsynelatande enkel; ordremser frå ein kontekst vert drege inn i ein framand samanheng, og slik nærmast testa ut framføre spørsmålas dommartribunal: Går det an? På slike måtar berrlegg ikkje berre desse dikta kor vanskeleg det er å manøvrere frå språk til røynd, og omvendt. Dikta søker sjølve grensa der språket, om det ikkje set seg gjennom i røynda, i det minste kan kome i kontakt med eigen realitet.
Ytre sett er dikta brotmessige, samansette av bilet- og språkfragment. Når dikta samanføyer og samordnar heterogene element på vers- og setningsnivå, vert brotflatene og kantane merkbare. Ordremsene i dikta pressar seg mot eigne og andres grenser: «Være i vannet Ikke trenge å gråte / Trykke hele huden / Trykke hals mot berg». Er spranget mellom språkskåra då muleg? Eller er overskridinga praktisk ugjennomførleg, slik at «Skog og by blander seg i en støl utopi», slik det heiter i eitt dikt?
Setningane i eit system heng saman som medlemmane i ein forbrytarbande. Ein for ein overmannar ein dei lettare, skreiv Brecht i «Me-Ti, Buch der Wendungen». Det er ikkje sikkert sitatet finn dekning i Foros’ dikt. For jamvel om dikt riv setningane ut av normalkonteksten, stillar ikkje diktet dei «andlet til andlet» med røynda, slik at dei kan gjerast gyldige og erkjennast. I staden overmannar ho setningane ved å plassere dei inn i andre språkrøynder, og dermed flyt fleire kontekstar inn i diktets samanheng.
Sjølv om Ellen Grismo Foros’ debutsamling inneheld språkmedviten og språkarbeidande lyrikk, der språket vendar seg inn mot seg sjølv, verkar dikta opne. Open tydar at diktet er ikkje-eksklusivt med tanke på kva språkformer det inviterer inn innafor råma av seg sjølv. Denne openheita forhindrar likevel ikkje at dikta kryr av uoverstigelege merke på språklege forseglingar.
Distinksjonen innovervend/utovervend, som merke på to ulike språklege eller lyriske haldningar, spelar ikkje avgjerande rolle. Ser ein på språkets måte å ordne omverda på, til dømes distinksjonen ute/inne, er utsida (hagen) ein språkleg refleks av innsida (huset), eller omvendt. Ein utovervend lyrikk vender seg like mykje innover som utover, fordi det indre språkleg sett liknar og er bygd etter modell av det ytre. Eller omvendt. I eventyret om «Kongsdøtrene i Berget det blå», eit folkeeventyr dikta alluderer til, er verda på innsida av berget, i forstørra og forgylla form, organisert etter mønster av utsida: «…så såg han at det rann ei gullsol på himmelen der, og så vart det lyst og vent, liksom i den rette verda». Språket vrengjer seg her, som i Foros’ dikt, begge vegar.
Augo er grense, terskel eller overgang som formidlar mellom eg’ets indre og ytre. Omverda vert visuelt tatt inn gjennom denne passasjen. Ved å vere på terskelen og i denne brotsona vert også språkmekanismane, optikken i den menneskelege kjøtkikkerten, synleg: «Når jeg ser ut / ser jeg bare øyet.». Klaustrofobisk, fordi ein ser kor innestengd ein er i språkverda, og kor sterkt ein lengtar ut av kategoriseringane: «Skjul øynene de er forbudte / øynene er trette av seg sjøl / de har vokst opp så lenge».
—
Året mister sin sirkelform
Jeg går ut og det jeg ser likner interiøret inne
Noen fjerne frø som ikke er støv
men lokomotiv på vei til andre land
med foreldre i lysende styrehus
I natt våkna jeg og huska ikke
hvilken eksistensform jeg tilhører
så kom jeg på at jeg er et menneske
og hva det innebærer generelt og for meg
I andre verselinje møter ein den språkforvalta natur, menneskeleggjort og ordna. Men kvifor er årets sirkelform tapt? Er det ei forskuving i røynda som språket ikkje maktar å halde tritt med? Tilvisingar til klimaendringar, drivhusgassar og menneskeskapt naturøydeleggingar tyt nemleg fram i mange av dei andre dikta. Men her, som mange andre stader smett formrefleksjonen inn. Kan året tenkjast utan sirkelforma? Det er årets form som gjer at året vender tilbake, med sine årstider, og gjev oss livsrytme. Forma garanterer verdas framhald. Slik pressar setninga tankane mot grensa der sirkelforma viser seg som vilkåret for årets eksistens; utan miss året tyding, vert umuleg å førestille seg. I neste sekvens, der eg’et skodar noko som «fjerne frø», er naturens kategoriar og former der att. Frøa kapslar inne ei overvintra og komande regenerering. Så, i same linje, prøver diktet å bestemme kva det ser gjennom ein negasjon, usikkert på kva det skodar: «ikke er støv». Deretter vert det skoda bestemt som «lokomotiv». No rører diktet seg inn i visjonen, der passeringa av landegrenser vert muleg, med biletet av dei vaksne glidande gjennom den store verda, kapsla inne i lokomotivet. Som passiv sjåar er eg’et utestengd frå den rørsla. I neste sekvens kjem oppvakninga, som kastar draumesløret over dei førre sekvensane og modifiserer dei. Igjen fikserer diktet ein grensetilstand, vaklar med eine beinet i draumen, det andre i det vakne livet. Eg’et var innsett i eit draumeaktig tvilstilfelle, der fridomen, eventyr- og draumeverda frigjorde og tillèt ein å kle seg i andre eksistensformer og overskride eigen biologisk art. Diktet vert så avrunda i ro og stabilitet, gjennom ei påminning som hentar eg’et inn i den samanheng eg’et skal inngå i. Lova om eksistensform fyller eg’et og eg’et fyller si eiga form, men likevel er ei glipe bevart, der konfrontasjonen mellom det allmenne og spesifikke kan finne stad: «generelt og for meg».
Går det an? Spørsmålet kan gjelde mulegheit, om kva som fungerer sosialt, i neste omgang gjeld det estetikk, moral, makt. Men spør ein sånn, anar ein at her er ein nær eller tangerer ei grense. Grensa er provet på at Gud elskar oss, skriv Simone Weil. Ved å vere ulukkeleg stilt, på grensa av kva den menneskelege eksistensen toler, kan ein som naken og bortimot utsletta mottake nåden, ifølgje Weil. Ei grense er eit stengsel, men det er også ei opning, i den forstand at grensa samlar motsetningar og er ein møteplass der utveksling mellom dei er muleg. Enten som dialog eller konfrontasjon.
Sindre Ekrheim
Jelle Meander
Redaksjonen
Silje Bekeng
Jesper Olsson
Henning Hagerup
Sindre Ekrheim
Sofie Arneberg
Athena Farrokhzad
Lars Bukdahl
Redaksjonen
Miia Toivio
Silje Stavrum Norevik
Susanne Christensen
Hanna Nordenhök
Ulf Eriksson
Leevi Lehto
Cathrine Strøm
Athena Farrokhzad
Dmitrij Golynko
Athena Farrokhzad
Redaksjonen
Miia ToivioMiia Toivio">Miia ToivioMiia ToivioLeevi Lehto
Att bli ved I og IIAtt bli ved I and II
Fredrik Nyberg
Beata Berggren, Martin Högström, Peter Thörneby
Falsche FreundeFalsche Freunde
Uljana Wolf
Happiness: Poems After RimbaudHappiness: Poems After Rimbaud
Sean Bonney
Cecilia Vicuña
Tarnac, un acte préparatoireTarnac, un acte préparatoire
Jean-Marie Gleize
-->Audiatur avholdes 27.-30. september 2007 for tredje gang i Bergen. Audiatur finner sted på flere arenaer, men hovedsetet vil være BIT Teatergarasjen.